Jakob Sande / Dikt i samling / Svarte næter

GJENTA

Og gjenta ho kjøpte seg  spennor og stas,
og ringor med perlor av farga glas.
- Men ikkje vart gjenta jift -

So greidde ho håret med kost og med kamb,
til dess det vart krulla som ull på eit lamb.
- Men ikkje vart gjenta gift -

So tok ho ein sviptur til næraste by,
og sytte seg skjørt av kjøpety.
- Men ikkje vart gjenta gift -

Og gjenta stal pungen frå husbonden sin,
og kosta seg halsklut av røyskatteskinn.
- Men ikkje vart gjenta gift -

Då vart ho så arg at ho fræste som krut,
og flakte so av seg kvar einaste klut.

- Men då vart gjenta gift ….